Obligatorisk skuleordning – eit hinder for demokratiet?

Det norske samfunnet står overfor store endringar. Miljø og klima, demografi og teknologi. Endringane peiker mot ei framtid fundamentalt forskjellig frå tida vi lever i no.

Befolkningsvekst er det som driv dei store demografiske endringane. Og han er motoren i ei fleirdimensjonal, global miljøkrise: ei varsla vasskrise, temperaturar som stig, meir ekstremvêr, auka havforsuring, havstigning, plastforsøpling, hogging og brenning av regnskog, masseutrydding av tallause dyreartar, mikroorganismar og insekt.

Mange av endringane som kjem, vil òg kome på grunn av alle tiltaka som krevst for å stoppe miljøøydeleggingane. Mange kjem på grunn av konsekvensane miljøøydeleggingane fører med seg. Men det er ikkje berre befolkningsvekst og ei pågåande miljøkrise som kjem til å endre framtida vår: Utvikling innanfor ulike fagområde, til dømes biologi, genetikk, medisin, energi og transport – saman med framstega innanfor kunstig intelligens – bidreg også til omfattande endringar. Og på toppen av dette: sosiale endringar.

UKJENTE KONSEKVENSAR

Filosofen Nassim Taleb snakkar om dei svarte svanene: saker og tema vi enno ikkje veit at vi ikkje veit noko om, men som kan få store konsekvensar for liva våre på sikt. Det er hendingar og endringar vi ikkje kan sjå for oss, fordi vi ikkje har erfaring med dei frå før.

Sjølv om mykje har endra seg på kort tid, er vi berre i startgropa av dei endringane som uvilkårleg pressar seg fram. Og om endringane på einskilde felt mogelegvis og kanskje i nokon grad kan føreseiast, peiker totalsummen av endringane på det motsette: Konsekvensane er uføreseielege. Endringar på eitt område kan få uventa konsekvensar på andre. Eit døme på dette er korleis internett på berre nokre år har endra store delar av kommunikasjonen og samhandlinga mellom oss, til dømes innanfor forsvaret, helseomsorga og lesevanane våre.

Eit omgrep som seier noko om kvaliteten i endringane, er det som i finansnæringa blir kalla volatilitet. Når volatilitetsverdiane aukar, peiker dette ikkje berre på kor raske endringane er, men også på utslaga og konsekvensane av dei. Det sentrale poenget er at vi veit lite eller ingenting om korleis framtida vil sjå ut, berre at mykje vil skje, og at endringane vil skje raskare og med meir uføreseielege konsekvensar enn før.

Forfattaren Kaj Skagen summerer godt i ein kommentar i Klassekampen kva som ligg i det usikre framtidsscenarioet: «… følelsen av at vi lever i en eksistensielt prekær tid, under press fra internasjonal kapitalisme og en teknologi uten styring, med enorme økologiske og demografiske utfordringer og fare for destruktive politiske bevegelser.»(1)

KUNNSKAP OG DEMOKRATI

Gitt ei usikker framtid må vi rigge samfunnet til å tole store endringar med større utslag og slik bli (endå) meir robuste enn det det er i dag. Korleis gjer vi det?

Vi har allereie byrja å arbeide med den fysiske infrastrukturen – at vegar, vatn og avløp blir dimensjonerte og bygde til å tole meir ekstremt ver. Men vi har ein annan og minst like viktig infrastruktur som også vert utfordra, og som vi må sikre: den mellommenneskelege. I boka Trust, The Social Virtues and the Creation of Prosperity skriv statsvitaren Francis Fukuyiama om tillit, og at den er ein grunnpilar i moderne samfunn som gjer oss i stand til å arbeide mot felles mål. Tillit er minst like viktig – og sårbar – som den fysiske infrastrukturen. Eit gamalt ordtak seier at tillit er noko som kjem til fots, men forlèt oss til hest.

Spørsmålet er såleis korleis vi tek vare på den høge tilliten i samfunnet vårt i dag, slik at vi er best mogeleg rusta for dei store og krevjande endringane som vil kome. Det finst mange svar på spørsmålet, men to peiker seg ut:

Det eine er å bevare og vedlikehalde dei demokratiske institusjonane: Demokrati sikrar kvar mann og kvinne – frå fattig til rik, lite utdanna til velutdanna – ei stemme kvar. Folkeleg forankring gir legitimitet til dei politiske vedtaka. Demokratisk valde politikarar står til ansvar for dei som har valt dei, og for befolkninga elles. I tillegg er demokratiet ein metode for å handtere usemje og konfliktar og forvaltinga av samfunnet på ikkje­valdelege og fredelege måtar. Sist, men ikkje minst: Fridomen er den viktigaste reiskapen vi har når vi går inn i ukjent landskap. I møte med det nye, og ved grensa av det vi veit og kan, treng vi fridomen til å kunne tenke høgt og å ytre oss fritt. Demokratiske institusjonar er eit vern for ytringsfridom, den kritiske tanken, nye idear og nye løysingar.

Det andre svaret på spørsmålet er eit samfunn med stor likskap mellom innbyggjarane og eit samfunn som gir like mogelegheiter for alle. Likskap skapar lojalitet mellom folk, og tilslutning til samfunnsprosjektet og demokratiet. At dette er viktig, er det brei politisk semje om.

BIDREG SKULEN TIL DEMOKRATI?

Kvar kjem så skulen inn? Eitt formål for skulen er å danne og utdanne elevane slik at dei kan føre vidare det etablerte samfunnsprosjektet. Det ligg jamvel nedfelt i skulen sitt mandat å lære elevane opp i demokratisk tenking, og å fremme demokrati. Eit anna berande prinsipp i skulen i dag er å bidra til likskap.(2)

Det er difor naturleg å spørje om elevane får dei reiskapane og dei haldningane dei treng for å bli gode borgarar – borgarar som er i stand til å takle framtidsutfordringane og slik vere med på å verne om demokratiet. Det er også relevant å spørje om skulen bidreg til sosial utjamning og likskap.

Det er freistande å kome med eit nyansert svar på det siste spørsmålet, men akkurat i denne saka trur eg kortversjonen er vel så presis: I rapporten Sosial ulikhet og helse. En norsk kunnskapsoversikt frå Høgskulen i Oslo og Akershus kan vi lese dette: «Sosioøkonomiske forskjeller i prestasjoner manifesterer seg […] tidlig, og øker faktisk i løpet av grunnskoleopplæringen.»(3) SSB­statistikk fortel det same: Medan ni av ti av dei med foreldre med lang utdanning gjennomfører vidaregåande skule, er det berre fem av ti av elevar med lågt utdanna foreldre som klarer å gjennomføre skulen.(4) Mykje tyder på at skulen neppe kan seiast å vere ein særskilt viktig bidragsytar i arbeidet for sosial utjamning. Kan hende tvert om; skulen sementerer ulikskap. Progressive skattar, låg arbeidsløyse, høg minstelønn og høg fagforeiningsgrad er antakeleg viktigare forklaringar på kva som bidreg til sosial utjamning i landet.

For meg personleg har konsekvensane av skulesystemet vorte utfordrande å vere del av. Eg er utdanna lærar og arbeidar i grunnskulen, men har valt å ta to år fri for å bidra til å finne ei ny, alternativ løysing på framtidas skulemodell. For det er ikkje berre einskildelevar som tapar på dagens ordning. Alle gjer det.

DEMOKRATIOPPLÆRING I SKULEN

Å bidra til likskap er berre ein av fleire viktige faktorar i arbeidet med å halde ved like eit stabilt og robust samfunn. Ein annan er i kor stor grad innbyggjarane sluttar opp om det demokratiske prosjektet. For skulen handlar det både om opplæring i og forståing for kvifor vi har demokrati.

Skulen bidreg med demokratiopplæring på fleire måtar: Elevane lærer å argumentere, dei lærer å ytre seg og å lytte, dei lærer å handtere konfliktar, vere saklege og å arbeide i grupper. Og sjølv om denne kunnskapen ikkje dreier seg direkte om demokrati og demokratiforståing, er han likevel ein viktig kompetanse for å bidra i eit demokrati.

Ein annan kompetanse som skulen formidlar, er kunnskapen om demokrati. Dette er formalkunnskap elevane lærer i skulen, kunnskap om korleis demokratiet fungerer, og korleis demokratiske avgjersler vert fatta.

Ein tredje kompetanse er demokratisk erfaring. Her har skulen i prinsippet berre elevrådsarbeid og elevdemokrati som formell treningsarena. Diverre er saksfeltet for elevrådsarbeid smalt, og kontrollen frå dei tilsette så sterk at ein neppe kan kalle det for anna enn trening i samhandling.

Men korkje kunnskap om demokrati eller demokratisk erfaring er den viktigaste faktoren for framtidig politisk engasjement. Ifylgje demokratiforskar ved NOVA Guro Ødegård er den viktigaste faktoren for demokratisk deltaking trua på at stemma vår tel, og at vi blir høyrde når vi brukar henne.(5) Her ligg det openbart ein spore til ein konflikt mellom demokratiopplæringa i skulen og det faktum at skuleordninga ikkje er noko elevane vel, men noko som er obligatorisk. For kva er konsekvensane for elevane når faga i skulen er obligatoriske (6) og læringsmåla alt definerte på førehand? Står ikkje den obligatoriske skuleordninga i vegen for ei reell demokratisk læring – at elevane har ei stemme, at stemma deira tel, og at dei faktisk blir høyrde når dei brukar henne?

EIT PARADOKSALT PROBLEM

Vi klarar ikkje å gjennomføre dei gode intensjonane og måla for skulen (antakeleg ikkje delar av demokratiopplæringa heller) om skulen ikkje er obligatorisk. Men om vi ser på den obligatoriske skuleordninga som ein faktor som påverkar skulen og elevane: Korleis får eit obligatorisk skulesystem negative konsekvensar for demokratiopplæringa i skulen?

Den obligatoriske skulen er som DNA­et i frøet, det er det skulen spring ut frå. Denne utsegna er lettare å forstå om vi ser for oss at skulen ikkje var obligatorisk:

Mange elevar ville aldri gått til timar for å lære algebra, diktanalyse eller om demokratiske prosessar i samfunnsfag om dei hadde mogelegheit til å gjere noko anna som – i augneblinken – fanga interessa deira. Ein slik skule ville neppe oppfylt dei formåla vi har for elevane eller for samfunnet.

Samstundes finst ein skjult bodskap i alt det obligatoriske – ein bodskap som kan vere til hinder for demokratiopplæringa. Det obligatoriske er sjølvsagt til hinder for at elevane får nok erfaring med at stemma deira faktisk tel, fordi det meste alt er bestemt på førehand. Og det er meir: Sjølv om intensjonen med skulen stikk djupare enn berre å formidle faga, må andre kunnskapsområde, som danning, folkeskikk, demokratiopplæring, og andre ikkje­faglege kompetansar formidlast gjennom dei obligatoriske faga. Det obligatoriske faginnhaldet får slik forrang, og er med på å definere kva vi reknar som relevant kunnskap og kva som ikkje er det. Slik vert suksesskriteria i skulen definerte. Og slik blir også potensielt nyttige kunnskapar og dugleikar definerte bort som uvesentlege eller mindre vesentlege. Det obligatoriske i skulen definerer suksess og fiasko, kva som er gyldig kunnskap, og kva som ikkje er det.

Dermed definerer det obligatoriske også kven i skulen som per definisjon er kompetente, og kven som ikkje er det: Læraren i skulen er kompetent, eleven anten inkompetent eller berre på veg til å bli kompetent. Eit slikt syn er også med på å definere kven som er aktive i skulen, og kven som er passive. For i dagens skulemodell er det alltid læraren som veit kva kunnskap eleven skal (og må) ta til seg, og som difor må leie læringa og vere drivaren i læringsarbeidet – sjølv om vi fortel kvarandre at det er eleven som skal vere det.

Det obligatoriske, skuletvangen, kan truleg også forklare mykje av dei åtferdsproblema vi har i skulen i dag. For i det nokon vert tvinga til noko (det finst mange elevar i skulen som oppfattar det obligatoriske som ulike gradar av tvang), vert dei anten passive, aggressive eller opprørske. Eller dei utviklar ei form for slavementalitet: Dei gjer ikkje meir enn dei må (og helst litt mindre).

Mange av konsekvensane av det obligatoriske i skulen korresponderer dårleg med det vi veit er viktige faktorar for å utvikle demokratisk kompetanse. Den mest alvorlege er at elevane ikkje har mogelegheit til å øve innverknad og få ei stemme som reelt vert høyrd – som jo også er det viktigaste verktøyet for å mobilisere til politisk deltaking. Å lære om demokrati som ein del av eit obligatorisk pensum er ifylgje Guro Ødegård den faktoren som har minst å seie for framtidig vilje til politiske handlingar.(7) Kanskje ikkje så overraskande. Vi forventar heller ikkje av elevar at dei skal bli gode til å lage mat av berre å pugge kokebøker. Kvifor skulle det vere så annleis med evne til å delta i demokratiske prosessar?

DET OBLIGATORISKE I FRAMTIDA

Skulen reproduserer og sementerer sosiale skilnader. Trass i at talent stort sett er jamt fordelt i befolkninga, får born frå familiar med lågt utdanningsnivå openbert ikkje vist kva dei duger til i skulen. Dei vert mykje oftare underytarar, skuletaparar og lærer mindre enn elevar frå familiar med høgare utdanning.

Ei framtid med meir automatisering og høgare arbeidsløyse, spesielt for lågt utdanna, kan bidra til at mange elevar erfarer at skulen ikkje held sin del av samfunnskontrakten. Med rette kan dei skulde skulen for å vere eit elitistisk prosjekt som favoriserer born av foreldre med mange bøker i bokhylla. Dei vil antakeleg ha problem med å akseptere eit skule­ og samfunnssystem som fyrst tvingar dei til å vere i ein skule dei ikkje meistrar, som gir dei tallause nederlagserfaringar medan dei er i skulen, og som når dei kjem ut, ikkje eingong har kvalifisert dei for deltaking i arbeidslivet.

Skal skulen fortsette å vere ein vesentleg bidragsytar til demokrati og eit stabilt samfunn, er det viktig at vi vurderer vilkåra til dei som aldri kjem til å delta i det offentlege ordskiftet, som ikkje tener på dagens skulesystem, og som i neste omgang uttrykker misnøya si med stemmesetelen.

Dagen eg fyrste gong for alvor tenkte at Donald Trump kunne vinne valet i USA, var då eg midt i nominasjonsvalkampen for republikanarane såg eit bilete av ein eldre mann i arbeidsklede utanfor eit valkampmøte i Midtvesten. Han bar på eit stort skilt som sa: «Trump has insulted everyone. God bless Donald Trump!» Sjølv las eg skiltet som ein protest mot eit system som har gløymt mange av sine eigne innbyggjarar. På skiltet las eg: «Eg drit i om vi stemmer på ei geit, berre han fornærmar dei som ikkje lyttar til oss, og som foraktar oss.»

Å FORANDRE VERSUS Å BLI FORANDRA

Vi er ikkje tente med ein skule som bidreg til å sementere sosiale skilnader. Ein slik skule risikerer å bidra til noko som allereie er ein tendens i mange andre vestlege land i dag: ei meir polarisert befolkning, med mindre tillit til kvarandre, til samfunnet og samfunnsinstitusjonar.

Så kanskje må vi vurdere nærare kva konsekvensar dagens skulesystem kan ha for demokratiet i framtida? Ein skule med lite rom for sjølvbestemming for elevane, der alle fag er obligatoriske og definerte på førehand, bidreg i liten grad til reell demokratitrening og til at mange nok elevar kjenner seg sett og høyrde. Ein slik skule risikerer å utvikle menneske med kontrære haldningar til både skule og samfunn.

Difor meiner eg vi må endre modell for den obligatoriske skulen. Om vi meiner noko med ein skule som lærer elevar å verdsette demokratiet, er det faktisk naudsynt at vi gjev elevane meir innverknad over delar av skuledagen – både individuelt og kollektivt. I boka mi argumenterer eg for ei konkret løysing på korleis vi kan sikre kvaliteten på opplæringa, samstundes med at elevane får meir innverknad på eigen skulekvardag. Men ein presentasjon av ei konkret løysing er ikkje formålet med denne artikkelen.

Målet er å bidra til endringar i premissane for debatten om demokratiopplæring i skulen: at ein demokratisk intensjon ikkje er godt nok. At det ikkje er nok å sette demokrati på pensum og tru at dette er med på å utvikle tilstrekkeleg demokratisk forståing hos elevane. Og startpunktet for debatten må vere ei realitetsorientering. Ei realitetsorientering som handlar om at dagens skuleordning er lite eigna for demokratiopplæring i det heile, og endå mindre for sosial utjamning. Vi må kort og godt vere meir realistiske om kvar vi står. Då fyrst vil vi sjå oss om etter løysingar som kan bidra til reell endring.

Denne artikkelen ble første gang publisert i Syn og Segn nr. 1, 2019

NOTAR

  1. Klassekampen 24.3.18, s. 41
  2. Gunn Imsen (2011). Hva er pedagogikk? Universitetsforlaget, Oslo, s. 131–132
  3. Espen Dahl, Heidi Bergsli og Kjetil A. van der Wel (2014). Sosial ulikhet i helse. En norsk kunnskapsoversikt. Høgskolen i Oslo og Akershus, s. 19 i samandragsrapporten
  4. https://www.ssb.no/utdanning/statistikker/vgogjen/aar/201606­02 – henta 6.4.17. SSB­statistikk som viser at 88 % av dei med foreldre med lang utdanning gjennomfører vidaregåande skule, medan berre 49 % av elevar med lågt utdanna foreldre klarer å gjennomføre.
  5. Tore Brøyn, intervju av Guro Ødegård i Bedre Skole nr. 3, 2018 s. 24
  6. Grunnskulen er per definisjon ikkje obligatorisk, det er det opplæringa som er. Men for dei som erfarer skulen frå skulebenken, er han obligatorisk. Dei må delta i alle timar i alle fag. Eg meiner også det er rimeleg å hevde at vidaregåande skule i realiteten har vorte obligatorisk for dei aller fleste, sjølv om han formelt ikkje er det.
  7. Brøyn, op.cit.
2019-03-11T20:59:10+00:000 kommentarer

Legg igjen en kommentar

5 × two =